mandag 25. juni 2007

Fjell KrFU årets nykommar 2006


På KrFU sitt landsmøte fekk Fjell KrFU prisen for årets nykommar. Laget vart starta opp igjen i 2006, og juryen peika på medlemsverving, godt aktivitetsnivå, og at KrFU har fått inn mange unge på lista til kommunestyrevalet til hausten. Bergen KrFU fekk prisen for årets lokallag, med Filip Rygg som ein av dei yngste ordførarkandidatane i landet, og eit høgt aktivitetsnivå.

Kjell Ingolf Ropstad ny leiar i KrFU


På KrFU sitt landsmøte i helga vart Kjell Ingolf Ropstad valt som ny leiar. Det nye styret ser slik ut: 1. nestleiar Hilde Ekeberg, 2. nestleiar Ingrid Eiane, 3. nestleiar Julian Calvert, styremedlemmer: Ola Johan Settem, Marit Andrine Kraglund, Andreas Løland, Christina Aase og Erling Owe.

Landsmøte 07


KrFU sitt landsmøte vart halde på Fredtun folkehøgskule i Stavern i helga. På programmet sto val av nytt styre og programbehandling. Det var tre stykker frå Fjell med. Solveig Apelthun frå Bergen KrFU, Erlend David Sæle frå Fjell KrFU, og Anders Fjell frå Hordaland KrFU.